torsdag 23. desember 2010

Marsipankuler!


Lagde nokon marsipankuler og det kjem eg til å gjere fleire gonger.  Fint aktivitet saman med jentene. Blir nok fast tradisjon å lage disse til jul. Nam.....

Marsipankuler i sjokolade:
225 g mandler
175 g melis
3-4 ss eggehvite

Mandlene skåldast, tørkast i nokre timar, malast fint. Melis siktes i mandelmassen og upiska eggehvite tilsettes. La marsipanen ligge over natta.
Rull marsipanen til kuler, smelt 70% sjokolade med litt delfiafett i. Rull kulene i sjokoladen.
Tips: Du kan fylle kulene med nonstop eventuelt set ein valnøtt i kulene.

søndag 12. desember 2010

Litt julebakst, krumkaker.

Hvis målet er å få sprø krumkaker(og det er det vel ?): Her er oppskrifta:

Du treng:

3 egg
1 dl sukker
75 g smelta smør, avkjølt
150 g hvetemel
1/4 ts kardemomme
1/2 dl vatn

Slik gjer du det:

Pisk egg og sukker til lett eggedosis.  Tilset smøret. Bland mel og kardemomme og rør det i vekselsvis saman med vantnet.  La røra  svelle ein time.

Legg en stor teskje røre i midten på krumkakejernet. Klem jernet hardt saman mens du steiker. Det er viktig at du steiker dei lenge npk (skal være litt lysebrune).

Resutatet blir kjempegode og ikkje minst sprøe krumkaker.


.


onsdag 3. november 2010

Min søsters Mor Monsen

Har bakt Mor Monsen kake i dag. Den er lett å bake og veldig god. Oppskrifta har eg fått frå storesysta mi som for øvrig er kjempeflink og har lært meg mange tips når det gjeld kakebaking.
"Oppskrifta på vellukka bakst er tempererte råvarer. Då hevar kakene seg bedre og deigen skil seg ikkje så lett. Og bruk meierismør i formkaker (Grethe Roede les vel ikkje denne bloggen......)".

Her kan du lese litt om Mor Monsen http://www.nrk.no/programmer/radio/nitimen/1.867881. Men bruk mi si oppskrift og ikkje den på lenka, for denne er betre :-).
Kaka er fin å fryse.

Her er oppskrifta:
500 g sukker
500 g meierismør (den grøne pakken)
Rørast kvitt

10 egg, ha i eitt om gongen.
Rør godt mellom kvart egg. Eg pleier å ha litt av mjølet på 500 g (ca 1 ss for kvart egg, då er du rimelig sikker på at deigen ikkje skil seg)

500 g mjøl
1 reve sitron
2 toppa teskjeier med bakepulver

Dette siktar du og har i. Ha røra over i ei stor langpanne. Ha over hakka mandlar og perlesukker. Steikast nedst  i ovnen på 150 grader i ca ein time

Lukke til!

søndag 3. oktober 2010

GOD sjokoladekake!


Hei
Mange dugnadar og tilstelningar for jentene pregar denne årstida. Mange lanpannekaker blir bært ut døra framover :-). Då er det viktig å ha kjappe løysingar. Tenkte derfor eg ville dele den optimale sjokoladekaka med deg til slike føremål. Den er enkel og rask å lage og blir blir veldig saftig og god utan å bli "klissjete".

Her er oppskrifta:
6 dl sukker
9 dl hvetemel
2 ts kanel
2 ss kakao
3 ts natron
71/2 dl Kefir
1 1/2 dl smelta smør (ca 150 gram, eg brukar soft )

Bland det tørre og ha i Kefir og smør
I langpanne og steikast på 180 grader i ca 35 minutt (eller litt mindre).
Det er lurt å la kaka stå i langpanna til den er kald, då slepp du rårand.

Glasur:
160 gram smør
400 gram melis
1.5 ss Kakao
2 ts vaniljesukker
6 ss kaffe

Rør saman smør og melis. Ha i resten, men det kan være lurt å avkjøle kaffien før du har den i. Ha glasuren over og pynt.

Lukke til!

Klem

fredag 20. august 2010

Ein friskis i storefri!


Hei
Veit ikkje om eg kan kalle meg så sunn akkurat men eg glimtar til av og til med nye gode vanar som for eksempel å lage smoothies. Smoothies er fint om du ikkje har fått heilt taket på "5 om dagen"- prinsippet og er ein enkel måte å få i seg frukt og bær på. Har eksperimentert meg litt fram på smoothies-fronten i det siste og funne fram til ei oppskrift som er knallgod. Denne friskisen lagar du berre på eit par minutt:

  • 4 dl yoghurt med vanilje
  • 4 dl frosne jordbær (el bringebær)
  • 1 banan (må være med ellers blir den sur)
  • 2 dl tine juice (appelsin-jordbær & druejuice, orange pakke)
Kjør alt saman i ein blendar el.

Lagar gjerne litt smoothies om kvelden, heller oppi plastkopp med lok. Legg den i frysaren. Tar ein den opp om morgonen, så blir den perfekt å drikke i matfri på skulen!

søndag 20. juni 2010

Nøttekake!


I dag har vi hatt naboar til kaffi og nøttekake stod på menyen. Lettvint og grei. Likar slike kjapp-kjapp kaker. Veldig lett å huske oppskrifta. Oppskrifta er nemleg slik:

- 2 egg
- 2 dl sukker
- 200 g malte mandlar eller nøtter
- 2 ss smelta margarin

Pisk egg og sukker lenge til eggedosis. Ha i malte nøtter/mandlar .Ha i avkjølt smelta smør

Bunnen steikast midt i ovnen 180 grader i 35 minutt

Pleier å fylle den med krem og rørte bringebær. Først eit lag med krem blanda med rørte bringebær, så litt krem på toppen. Friske bringebær på toppen. Alternativt kan ein smelte 1 plate kokesjokolade i 1 pk fløte (varmast forsiktig opp). La sjokoladeblandinga stå til den er heilt avkjølt (gjerne over natta). Pisk så til krem og ha over kaka.

søndag 9. mai 2010

Ny takke, masse sveler


Har fått meg ny takke. Kjøpte den på Elkjøp. Den er kjempefin. Brukar den til sveler, kjøtkaker/karbonadekaker mm. Den steiker veldig jamnt og fint. For ei effektiv husmor er dette eit must :-). I dag har eg steikt MRF sveler. MRF er sveler som du får på ferjene på sunnmøre. Du treng ikkje ferjebillett for å få tak i desse. Berre å følgje oppskrifta her: :-)


5 egg
1 stor kopp sukker
1 l kulturmjølk
1 l mjøl
1 ts natron
1 ts hornsalt
75 gram margarin


Pisk egg, sukker, natron og hornsalt. Ha i mjølka og rør inn mjølet. Til slutt har du i flytande margarin. Serverast med rørt smør og sukker eller syltetøy.

PS! Svelene kan frysast.

torsdag 15. april 2010

Tropisk aroma

Kjent kake frå barndomen dette!
Kaka er "tropisk aroma" som eg lagar på min eigen (lettvinte måte). Kjempegod kake som alle likar!

Botn:
◦180 gr. margarin
◦375 gr. sukker
◦3 egg
◦435 gr. hvetemel
◦4 ts. bakepulver
◦1½ ts. muskatt
◦1½ ts. kanel
◦3¾ dl. melk
◦1 1/2 ss kakao

1.Rør saman sukker og margarin til det blir kvitt
2.Pisk i eit egg om gongen
3.Bland alt til en deig. Ikkje rør mykje.
Steikast på 180 grader i 40 minutt og avkjøl

Fyll:
◦4½ ss. margarin
◦375 gr. melis
◦1½ ss. kakao
◦1½ ts. vaniljesukker
◦3 ss. kaffe
◦1 egg

Bland alt saman (det er viktig å avkjøle kaffien før den blandast i resten). Fyll kaka som er delt i tre.

lørdag 13. mars 2010

Linsesuppe ♥


Lagde linsesuppe her tidlegare i veka og syntes at den var så god så då blei det linsesuppe i dag óg.  Eg doblar oppskrifta og frys ned resten. Dette er sunn, rimelig og ikkje minst god mat.

Et lite tips for å unngå tårer: Det hjelp å ha munnen igjen når du skjærer opp løk :-).

Oppskrift:
- 3 dl linser
- 2 stk gulrøtter (du kan også bruke kålrot saman med gulrot)
- 2 stk løk
- 1ss olje
- 1 liter vatn (1 blokk pr liter)
- 1 blokk grønsaksbuljong
- 1 boks hermetiske tomatar, knuste
- 1 neve fersk timian
- 1 spiseskje paprika



Slik gjer du:
- Skyll linsene
- Skrell gulrøtene og skjær i skiver
- Skrell og grovhakk løken
- Varm oljen i ei gryte og la løken surre til den er blank
- Ha i linsene og gulrøtene og vatnet
- La suppa koke ein halv time under lokk.
- Ha i grønnsaksbuljongen.
- Bland i hermetiske tomatar, smak til med timian, salt og peppar
- Er suppa litt tjukk, ha oppi meir vatn
- La suppa koke vidare 10 min
Brød som tilbehør eventuelt ein klatt yoghurt i tallerkene.
God helg og klem ♥


mandag 15. februar 2010

Knekkebrød


Dissa knekkebrødene kan være verdt å prøve seg på. Sunne, lettvinte og kjempegode.
Her er oppskrifta:

3,5dl grovt spelt eller grov rug.
3,5dl små havergryn
1,5dl sesamfrø
2dl solsikkefrø
1dl linfrø
1dl kruskakli
1ts salt
7dl lunkent vann

Bland alt saman i ein bolle. Fordel deigen utover to steikebrett kledd med bakepapir.Bruk slikkepott dyppa i kaldt vann.
Deigen skal være så tynn som mogleg. PS! Søstra mi som er ekspert på dette anbefaler tre brett i staden for 2 for at dei skal bli så tynne som mogleg.


Steikast på 190gr i 10 min.
Ta brettene ut av ovnen og rut oppmed en pizzarulle eller kniv.
Sett brettene tilbake i ovnen og steik videre i 30min.
Del opp knekkebrødene,slå av ovnen og set døra opp og la knekkebrødene tørke i ovnen i ca 30 min til den blir kald.
Legg knekkebrødene på rist og avkjøl.

Nam nam.....

søndag 17. januar 2010

Coockies


Coockies på 10-15 minutt
Denne oppskrifta er det mange som har spurt etter. Pleier å bake dei til bursdagsfeiring på skulen i staden for den tradisjonelle sjokoladekaka. Dette er gode, amerikanske seige coockies.

Tips: Om du lagar stor porsjon, kan du fryse ned deigen i "pølser" og ta opp litt når du ønskjer, skjær dei i skiver og du har Coockies på 10-15 minutt.

Oppskrift
225 g margarin
235 g sukker
240 g brunt sukker
2 egg
2 ts vanilje sukker
1 ts natron (røres ut i 2 ss varmt vatn)
1/2 ts salt
ca 2 dl hakka dajm
450 g mel

Rør sukker og margarin lett og luftig. Bland i resten. Sett deigen på plate med spiseskei. 175 grader i 10-15 minutt. Vel bekomne. :-)

onsdag 13. januar 2010

Knallgode speltbrød


Kult. I dag fekk eg 40 kilo spelt-mjøl levert på døra. Må bare reklamere for disse fantastiske speltbrødene. Lettvinte å bake, sunne og gode. Til og med barna likar desse brødene veldig godt. Så i morgon tidlig blir det ferske brød til frokost :-).

Her er oppskrifta:
700 gram sammalt spelt fin
250 gram sammalt spelt grov
250 gram små havregryn
Eventuelt ein neve med solsikkefrø
2 ts havsalt (eller Himalayasalt)
1 liter kaldt vatn
1/3 fersk gjær

· Bland mel og salt
· Rør ut gjæra i 2 dl lunka vatn (i litermålet) og fyll i kaldt vann til det blir 1 liter
· Rør/kna deigen godt saman·
. Set deigen kalt (kjøleskap) i 10-12 timar med plast over bollen (for eksempel om kvelden, så har du nybakt brød til frokost)
· Set ovnen på 200 grader
· Del deigen i 2 brød
· Ha over i smurte former (smør og strø litt havregryn i botnen)
· Steikast 50-60 minutter på nederste rille.