Grethas
Lettvint mat som smaker godt!
onsdag 27. august 2014
Oppskrift på 4 saftige matpakkebrød
Få ting er så hyggelig som lukta av nybakt brød i huset....:-). Har prøvd ein del oppskrifter på brød og har landa på denne oppskrifta. Dette er saftige brød som ikkje er alt for grove og med ingrediensar som ein stort sett har heime. Skal du bake disse bør du ha ei kjøkkenmaskin av ein viss storleik som til dømes kenwood major eller tilsvarande.
Du treng:
2 pakkar tørrgjær
ca 2 liter vatn
2 ss salt
3 liter kveitemjøl
12 dl sammalt kveite
8 dl havregryn
4 ss olje (rapsolje eller olivenolje)
Slik gjer du det:
Bland saman det tørre og ha i tørrgjær. Varm vatnet til ca 37 grader og ha i olje. Elt alt saman ca 5 minutt.
La deiga heve til den er dobbelt så stor. Del deiga i fire delar og form dei til fire brød som du legg i ei langpanne. Etterhev i ca 40 minutt. Steik brødene på 200 grader nederst i ovnen. Steiketid ca 40 minutt.
Sånn, da har vi brød nokre dagar, brødene er fine å fryse.
søndag 24. august 2014
Fredagspizza i langpanne
Her er ein heilt vanleg klassisk pizza som er ofte fast innslag på fredagskvelden.
Kjempegod er den!
Oppskrift:
3 dl vatn
500 g kveitemjøl
2 ss olivenolje
1 ts salt
3/4 pakke gjør
Vatn varmast til ca 37 grader. Ha i olivenolje. Rør ut gjæra i veska. Ha i salt og mjølet og rør det godt saman (eltar i kjøkkenmaskin i ca 5 minutt). Brukar eltekrok. Set til heving.
Pizzasaus:
450 g kjøttdeig
1 løk
1 fedd kvitløk
1 boks hermetiske tomatar
2 ss tomatpure
1 dl vatn
1 ss mjøl
2 ss olivenolje
salt
peppar
reve ost
Brun kjøttdeigen saman med grovhakka løk og finhakka kvitløk. Tilset tomatpure og dei hermetiske tomatane. La det koke 2-3 minutt. Rist mel i vatn (bruk ein boks) og tilset. Ha i olivenolje.La sausen koke i ca 10 minutt og smak til med salt og peppar.
No er det viktig at sausen avkjølast.
Pizzadeigen kjevlast ut på bordet (ha mjøl under). Flytt deiga over på langpanna med bakepapir. Deigen skal dekke heile bredde, trekk littt i deigen for å få det til. Ha så på fyllet og reven ost på toppen.
Steikast på 200 grader i ca 20 minutt.

onsdag 13. august 2014
Kyllingfilet i ovn (4 porsjonar)
Denne retten med smak av karri fell garantert i smak for både store og små. Og i tillegg utrulig lett og rask å lage.
Oppskrift:
4 stk kyllingfilet
1 ss margarin til steiking
1 stk løk, i grove bitar
1 raud paprika, i grove bitar
Saus
1 pk fløte (3.3 dl)
6 ss ketchup
2ts karri
1 ts eddik (7 %)
1/2 ts salt
1/4 ts pepper
Del opp kyllingfilet og steik den raskt. Legg fileten over i ei ildfast form saman med løk og paprika som er skore opp. Visp saman ingrediensane i sausen og hell dette over i forma. Steikast på 200 grader i ca 25 minutt. Serverast med ris og sa
lat.
søndag 1. desember 2013
Biscotti med smak av jul
Nydelige kaker med julesmak. Kjem nok til å bli tradisjon å bake disse.
Her er oppskrifta:
200 g kaldt smør
300 g sukker
500 g mjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
skal av 1 sitron (stor)
1 ts salt
4 egg store (skal være kalde)
100 g pistasje nøtter, rista
200 g mandlar, rista
200 g aprikos i terningar
eggekvite til pensling
Start først med å riste pistasjenøtter og mandlar i ovnen, 150 grader i ca 15 minutt. Avkjøl. Rør smør, sukker og vaniljesukker i ei kjøkkenmaskin, tilset bakepulver, mjøl, og sitron. Bland saman alt før du har i egga, eit om gongen. Rør ca 5-6 minutt, deigen skal ikkje bli for varm. Til slutt har du i nøtter og frukt. Har deigen ikkje "satt seg" kjør den ned i kjøleskapet. Ha deiga ut på benken (mjøl under), del deigen i seks delar. Rull dei i lange pølser (så lange som brettet er på langsida). Pensle med eggekvite og steik kakene til dei er gyldne på ca 170 grader i 30 minutt. Ta ut brødene og del dei i skiver på skrå mens dei er varme. Set dei tilbake i ovnen og steik dei vidare i 10 minutt ved 150 grader. Dei skal være heil tørre.

lørdag 3. november 2012
Ingvilds fiskesuppe med tunfisk
Denne suppa kjem heilt klart under kategorien lettvint mat. Kjempegod er denne, og sunn! Ein av mine favorittar.....
Ingrediensar:
5 selleristenger
1.5 chili
3 små boksar med mais
3 boksar med tunfisk i vatn eller olje
meierismør
2 terningar fiskebuljong
fløte
Slik går du fram:
Skrell poteter og skjær i terningar på ca 2 cm.Rens chili (viktig å få bort alle frø) og skjær i bitte små bitar.
Kutt selleristenger i ganske tynne skiver.
Varm opp 2 l vatn
Fres selleri og chili i meierismør.
Tilset vatn, buljong og poteter og la potetene koke seg nesten møre før du legg i tunfisk.
Rett før det skal serverast tilsetter du mais og 5-6 spiseskjeier fløte og litt nykverna pepper.
Serverast varmt med varme rundstykker og smør.
mandag 1. oktober 2012
Müsli bars
I dag prøvde eg å lage müsli bar og det blir jammen ikkje siste gong. Lettvint og godt! Fine å ha som turmat (sunnare enn kvikk lunch i alle fall). Blei inspirert her.
Her er oppskrifta:
150 g meierismør
50 g brunt sukker
150 g lys sirup
250 g havregryn
150 g av frø og hakka nøtter, eg brukte ca halvparten med Coop sin frøblanding (sjå bilete) og andre halvparten med nøtter og mandlar. Men her kan du velge nett som du vil, berre summen blir 150 g.
Set ovnen på 180 C.
Ha smør, sukker og sirup i ein stor kasserolle, varm opp på middels varme til smøret er smelta og sukkeret løyst opp. Ha oppi havregryn og valgte frø/nøtter, og bland godt.
Ha over i ildfast form ca 20x30 cm, med bakepapir og press blandingen utover i et jevnt lag.
Set i ovnen i ca 25 minutter. Ta formen ut av ovnen og markér forsiktig med en kniv der du vil skjære opp. Når dei er kalde deler du dei heilt opp. Kan frysast.
søndag 23. september 2012
Brytebrød med havregryn
Her er gode rundstykker som er fine både i matpakka og ellers. Fine å fryse. Og så er det veldig lettvint med brytebrød - å slippe å bake ut alle rundstykkene! Eg bruker pizzahjulet og deler opp i ønska antal. Oppskrifta passar til eit brett (langpanne).
Oppskrift:
7 dl lettmelk
3 dl havregryn
50 gram gjær
1 ss sukker
3 ts salt
4 ss margarin
2 egg (spar litt til pensling)
ca 1 kg mjøl
Slik gjer du det:
Varm opp melka til det kokar. Ha i havregryn og margarin. La det stå til melka er lunka. Smuldre i gjær og rør til gjæra er løyst opp. Bland i sukker, salt, og samanpiska egg. Bland i mjøl og la deigen heve til dobbel storleik. Legg deiga i langpanne og trykk den flat. Del deigen opp i ruter med pizzahjul eller ein skarp kniv. La heve ca 1 time. Pensle med egg og strø på sesamfrø. Steik brytebrødet ca 1/2 time på 200 grader.
Abonner på:
Innlegg (Atom)