mandag 1. oktober 2012

Müsli bars


I dag prøvde eg å lage müsli bar og det blir jammen ikkje siste gong. Lettvint og godt! Fine å ha som turmat (sunnare enn kvikk lunch i alle fall). Blei inspirert her.

Her er oppskrifta:
150 g meierismør
50 g brunt sukker
150 g  lys sirup
250 g havregryn
150 g av frø og hakka nøtter, eg brukte ca halvparten med Coop sin frøblanding (sjå bilete) og andre halvparten med nøtter og mandlar. Men her kan du velge nett som du vil, berre summen blir 150 g.


Set ovnen på 180 C.
Ha smør, sukker og sirup i ein stor kasserolle, varm opp på middels varme til smøret er smelta og sukkeret løyst opp. Ha oppi havregryn og valgte frø/nøtter, og bland godt.
Ha over i ildfast form ca 20x30 cm, med bakepapir og press blandingen utover i et jevnt lag.
Set i ovnen i ca 25 minutter. Ta formen ut av ovnen og markér forsiktig med en kniv der du vil skjære opp. Når dei er kalde deler du dei heilt opp. Kan frysast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar