onsdag 27. august 2014
Oppskrift på 4 saftige matpakkebrød
Få ting er så hyggelig som lukta av nybakt brød i huset....:-). Har prøvd ein del oppskrifter på brød og har landa på denne oppskrifta. Dette er saftige brød som ikkje er alt for grove og med ingrediensar som ein stort sett har heime. Skal du bake disse bør du ha ei kjøkkenmaskin av ein viss storleik som til dømes kenwood major eller tilsvarande.
Du treng:
2 pakkar tørrgjær
ca 2 liter vatn
2 ss salt
3 liter kveitemjøl
12 dl sammalt kveite
8 dl havregryn
4 ss olje (rapsolje eller olivenolje)
Slik gjer du det:
Bland saman det tørre og ha i tørrgjær. Varm vatnet til ca 37 grader og ha i olje. Elt alt saman ca 5 minutt.
La deiga heve til den er dobbelt så stor. Del deiga i fire delar og form dei til fire brød som du legg i ei langpanne. Etterhev i ca 40 minutt. Steik brødene på 200 grader nederst i ovnen. Steiketid ca 40 minutt.
Sånn, da har vi brød nokre dagar, brødene er fine å fryse.
søndag 24. august 2014
Fredagspizza i langpanne
Her er ein heilt vanleg klassisk pizza som er ofte fast innslag på fredagskvelden.
Kjempegod er den!
Oppskrift:
3 dl vatn
500 g kveitemjøl
2 ss olivenolje
1 ts salt
3/4 pakke gjør
Vatn varmast til ca 37 grader. Ha i olivenolje. Rør ut gjæra i veska. Ha i salt og mjølet og rør det godt saman (eltar i kjøkkenmaskin i ca 5 minutt). Brukar eltekrok. Set til heving.
Pizzasaus:
450 g kjøttdeig
1 løk
1 fedd kvitløk
1 boks hermetiske tomatar
2 ss tomatpure
1 dl vatn
1 ss mjøl
2 ss olivenolje
salt
peppar
reve ost
Brun kjøttdeigen saman med grovhakka løk og finhakka kvitløk. Tilset tomatpure og dei hermetiske tomatane. La det koke 2-3 minutt. Rist mel i vatn (bruk ein boks) og tilset. Ha i olivenolje.La sausen koke i ca 10 minutt og smak til med salt og peppar.
No er det viktig at sausen avkjølast.
Pizzadeigen kjevlast ut på bordet (ha mjøl under). Flytt deiga over på langpanna med bakepapir. Deigen skal dekke heile bredde, trekk littt i deigen for å få det til. Ha så på fyllet og reven ost på toppen.
Steikast på 200 grader i ca 20 minutt.

onsdag 13. august 2014
Kyllingfilet i ovn (4 porsjonar)
Denne retten med smak av karri fell garantert i smak for både store og små. Og i tillegg utrulig lett og rask å lage.
Oppskrift:
4 stk kyllingfilet
1 ss margarin til steiking
1 stk løk, i grove bitar
1 raud paprika, i grove bitar
Saus
1 pk fløte (3.3 dl)
6 ss ketchup
2ts karri
1 ts eddik (7 %)
1/2 ts salt
1/4 ts pepper
Del opp kyllingfilet og steik den raskt. Legg fileten over i ei ildfast form saman med løk og paprika som er skore opp. Visp saman ingrediensane i sausen og hell dette over i forma. Steikast på 200 grader i ca 25 minutt. Serverast med ris og sa
lat.
Abonner på:
Innlegg (Atom)