lørdag 3. november 2012

Ingvilds fiskesuppe med tunfisk


Denne suppa kjem heilt klart under kategorien lettvint mat.  Kjempegod er denne, og sunn! Ein av mine favorittar.....

Ingrediensar:
2 kg poteter, fast kokande (mjølete poteter fungerer svært dårlig)
5 selleristenger
1.5 chili
3 små boksar med mais
3 boksar med tunfisk i vatn eller olje
meierismør
2 terningar fiskebuljong
fløte


Slik går du fram: 
Skrell poteter og skjær i terningar på ca 2 cm.
Rens chili (viktig å få bort alle frø) og skjær i bitte små bitar.
Kutt selleristenger i ganske tynne skiver.
Varm opp 2 l vatn
Fres selleri og chili i meierismør.
Tilset vatn, buljong og poteter og la potetene koke seg nesten møre før du legg i tunfisk.
Rett før det skal serverast tilsetter du mais og 5-6   spiseskjeier fløte og litt nykverna pepper.
Serverast varmt med varme rundstykker og smør.

mandag 1. oktober 2012

Müsli bars


I dag prøvde eg å lage müsli bar og det blir jammen ikkje siste gong. Lettvint og godt! Fine å ha som turmat (sunnare enn kvikk lunch i alle fall). Blei inspirert her.

Her er oppskrifta:
150 g meierismør
50 g brunt sukker
150 g  lys sirup
250 g havregryn
150 g av frø og hakka nøtter, eg brukte ca halvparten med Coop sin frøblanding (sjå bilete) og andre halvparten med nøtter og mandlar. Men her kan du velge nett som du vil, berre summen blir 150 g.


Set ovnen på 180 C.
Ha smør, sukker og sirup i ein stor kasserolle, varm opp på middels varme til smøret er smelta og sukkeret løyst opp. Ha oppi havregryn og valgte frø/nøtter, og bland godt.
Ha over i ildfast form ca 20x30 cm, med bakepapir og press blandingen utover i et jevnt lag.
Set i ovnen i ca 25 minutter. Ta formen ut av ovnen og markér forsiktig med en kniv der du vil skjære opp. Når dei er kalde deler du dei heilt opp. Kan frysast.

søndag 23. september 2012

Brytebrød med havregryn



Her er gode rundstykker som er fine både i matpakka og ellers. Fine å fryse.  Og så er det veldig lettvint med brytebrød - å slippe å bake ut alle rundstykkene! Eg bruker pizzahjulet og deler opp i ønska antal. Oppskrifta passar til eit brett (langpanne).

Oppskrift:
7 dl lettmelk
3 dl havregryn
50 gram gjær
1 ss sukker
3 ts salt
4 ss margarin
2 egg (spar litt til pensling)
ca 1 kg mjøl

Slik gjer du det:
Varm opp melka til det kokar. Ha i havregryn og margarin.  La det stå til melka er lunka. Smuldre i gjær og rør til gjæra er løyst opp. Bland i sukker, salt, og samanpiska egg. Bland i mjøl og la deigen heve til dobbel storleik. Legg deiga i langpanne og trykk den flat. Del deigen opp i ruter med pizzahjul eller ein skarp kniv. La heve ca 1 time. Pensle med egg og strø på sesamfrø. Steik brytebrødet ca 1/2 time på 200 grader.


fredag 24. august 2012

Foccacia




Her får du ei heilt fantastisk oppskrift på foccacia brød.  Lagar stor porsjon og fryser ned, då har vi foccacia lenge!

1850 gram mjøl
2 pakker tørrgjær
70 gram sukker
40 gram salt
13 dl vatn
3 dl olivenolje, i tillegg kjem olivenolje som skal fyllast i holer i deigen


Lag vanleg gjærdeig og hev minst 1/2 time.
Trykk deigen så ut i ei langpanne og la den etterheve minst 1/2 time til.
Lag små hol i deigen ca 25 stk og fyll holene med olivenolje. Dryss så over oregano og rosmarin og havsalt (brukar maldon salt) over heile deigen.

Steik brødet så på 180 grader i 20 minutt og 160 grader i 15 minutt.

lørdag 2. juni 2012

Lakseburger

Fisk gir smarte barn :-)
Lagde masse herlege lakseburgere i dag som går rett i frysaren - perfekt å ty til på travle dagar.  Dette er mat som barna likar, og det er jo bra, utfordring  i å få i seg nok fisk. Eg tredobla oppskrifta og fekk ca 25 stk.

Slik er oppskrifta:
600 gram laksefilet
1.5- 2  ts salt
2 ss potetmjøl
1/4 ts hvit pepper
2 ts finklippa graslauk
3 ts finhakka lauk
1 1/4 dl fløyte

Skjær fisken i små bitar. Ha i saltet og kjør nokre sekund i fooodprosessor. Bland inn potetmjøl, lauk og graslauk. Spe så med fløte til massen blir jevn. Massen skal være litt grov.

Steik på middels varme i 3-4 min på kva side. Skal ikkje steikast for lenge (kan bli tørre).

søndag 5. februar 2012

Kjersti si rista frokostblanding

Hei
Dette er verkeleg frokostblandinga si...... Lagar dobbel oppskrift og har eit lager av den både på jobb og heime. Ypperleg å kombinere med litt yoghurt.  
Oppskrifta blir til ca 3 kg

5 dl havregryn
5 dl hvete el rugflak (Eg bruker rugflak og kjøper den på helsekosten)
2 ½ dl hvetekli
1 ½ dl hvetekim
1 ½ dl hirseflak (Kjøpast på Helsekosten)
1 dl sesamfrø
2 1/2 dl hakket nøtter el. mandler (Kan sløyfast)
2 ½ dl rosiner
1 ½ dl honning (180g) eller litt mer. (Varmer den litt i microovnen så er den lettare
å helle over)
1 dl solsikkeolje/rapsolje
Dei første åtte ingrediensene blandast i ei langpanne. Fordel så honningog solsikkeolje over blandinga i panna.Set panna midt i ovnen ved ca 100 grader og blandinga ristast ca 20min. La gjerne stekeovnsdøren stå på klem dei siste 10 minutta, slik at blandinga blir sprø.La alt avkjølast godt før det helles i tette bokser.

søndag 1. januar 2012

Julekaker. kokosmakroner og fruktkake

Tenkte å starte det nye året med litt baketips sjølv om eg i grunnen har fått nok av kaker no. Og det er vel kanskje ikkje så rart. I år blei det astronomiske 12 slag til jul! Her er oppskrift på eit par av dei.
Kokosmakroner:

Disse laga eg i god tid før jul og putta i fryseren. Dei blir seige og gode.....

Ingredienser
4 stk eggehvite
200 g kokosmasse
200 g sukker




Framgangsmåte
Bland alt i ein kasserolle med tjukk botn. Varm opp under
omrøring til en seig deig i 6-8 min, den skal ikkje koke! Bruk to teskjeer og
sett "toppar" på bakepapirkledt stekebrett og steik midt i varm stekeovn 200 ºC i
10-15 min.

Fruktkake (To brødformer)

Denne er saftig og veeeldig god. Den ultimate fruktkaka. Kan frysast og held seg elles lenge i kjøleskapet.

375 g margarin
450 g sukker
8 egg
450 g mel
1 ts bakepulver
350 g aprikoser
300 g fiken
200 g hasselnøtter

Margarin og sukker røres kvitt. Tilset egg. Sikt mel og bakepulver i. Hakk frukten og nøttene og ha i deigen. Stekes ved 160 grader i ca 55 min.