Nydelige kaker med julesmak. Kjem nok til å bli tradisjon å bake disse.
Her er oppskrifta:
200 g kaldt smør
300 g sukker
500 g mjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
skal av 1 sitron (stor)
1 ts salt
4 egg store (skal være kalde)
100 g pistasje nøtter, rista
200 g mandlar, rista
200 g aprikos i terningar
eggekvite til pensling
Start først med å riste pistasjenøtter og mandlar i ovnen, 150 grader i ca 15 minutt. Avkjøl. Rør smør, sukker og vaniljesukker i ei kjøkkenmaskin, tilset bakepulver, mjøl, og sitron. Bland saman alt før du har i egga, eit om gongen. Rør ca 5-6 minutt, deigen skal ikkje bli for varm. Til slutt har du i nøtter og frukt. Har deigen ikkje "satt seg" kjør den ned i kjøleskapet. Ha deiga ut på benken (mjøl under), del deigen i seks delar. Rull dei i lange pølser (så lange som brettet er på langsida). Pensle med eggekvite og steik kakene til dei er gyldne på ca 170 grader i 30 minutt. Ta ut brødene og del dei i skiver på skrå mens dei er varme. Set dei tilbake i ovnen og steik dei vidare i 10 minutt ved 150 grader. Dei skal være heil tørre.