"Oppskrifta på vellukka bakst er tempererte råvarer. Då hevar kakene seg bedre og deigen skil seg ikkje så lett. Og bruk meierismør i formkaker (Grethe Roede les vel ikkje denne bloggen......)".
Her kan du lese litt om Mor Monsen http://www.nrk.no/programmer/radio/nitimen/1.867881. Men bruk mi si oppskrift og ikkje den på lenka, for denne er betre :-).
Kaka er fin å fryse.
Her er oppskrifta:
500 g sukker
500 g meierismør (den grøne pakken)
Rørast kvitt
10 egg, ha i eitt om gongen.
Rør godt mellom kvart egg. Eg pleier å ha litt av mjølet på 500 g (ca 1 ss for kvart egg, då er du rimelig sikker på at deigen ikkje skil seg)
500 g mjøl
1 reve sitron
2 toppa teskjeier med bakepulver
Dette siktar du og har i. Ha røra over i ei stor langpanne. Ha over hakka mandlar og perlesukker. Steikast nedst i ovnen på 150 grader i ca ein time
Lukke til!